Ordførerkjedet for Sauherad

Klikk for stort bilde

Ordførerkjedet for Sauherad er laget av kunstner Arnt Darrud.

Dette oppdraget kom som ei gledeleg overrasking. Og som bygdemenneske og uttøvande kunstnar opplevde eg det ærefullt. Ideen om utforminga kom gradvis. Det bleí ei reise i tid, på leit etter særdrag i bygda vår. Sentralt og bakover i tid fører næringsvegane oss. Med dette som utgangspunkt og med hjelp frå bygdefolk fekk kjedet gradvis det innhald og den form eg ønskte. Som alltid for ein kunstnar var det vanskeleg å velje det enkle og sentrale. Me har mykje å vera stolte av i Sauherad. Måtte ordførarkjedet vera med å vise veg til dette.

 

SYMBOLA

1. Kjedeform
Denne er tenkt som slep i eit vassdrag. Som me veit har Norsj Ø vore nytta til dette frå eldgammal tid, alt frå busetjinga i bygda vår. Nokre av kjedeledda viser kombinasjonar av ulike særdrag i bygda. Botn i alle ledd er 925 S.

2. Frontstykke
Kommunevåpenet. Rundt dette ligg landskapet på Nesodden, forma som baugen på ein båt. Vassdraget med bruene er symbolisert på eine sida . I landskapet ligg raude felt som symboliserer den gamle teglesteinsproduksjonen. Vassdraget er av skjell, bruene er 925 S, landskapet er stabilisert toe, teglesteinen er fire emaljestykke og kommunevåpenet er emaljert med koparfråd.

3. Musikken
Bygd på trestykke frå golvet i Møllargutstugo, stilleskruve til fele og halsen på eit strykeinstrument. Stilleskruven av mammuttann og halsen av emalje.

4. Møller og Hørtehammaren
Muttera symboliserar hammaren, og teknisk utvikling. Inne i muttera ligg ein slipestein. Den gylne ramma markerer muttersymbolet og begge desse er laga av ibenholt. Slipesteinen er laga av kopar og skjell.

5. Mídt-Telemarksbunad
Symboliserar både bunadsform og handverk. Henta frå bunad, rundt hundre ar gammal.

6. Bakre del
Tømmerlenser. Symboliserer skogbruket. Materialet er 925 S.

7. Bakstykke
Komaks og fugl. Kornakset symboliserer jordbruket. Fuglen symboliserer dyre- og fuglelivet, Kornakset er i tre, fuglen i 925 S.

8. Kvardagsbunad
Henta frå livet i ein kvardagsbunad. Symbol som pkt. 6.

9. Kyrkjene
Symboliserer Sauherad og Nes kyrkjer i grunnprofil. Hjartesymbolet er henta frå begge altertavlene. Området rundt symbola er laga av ibenholt. Hjartesymbolet er laga av emalje og kykjeprofilen av tre.

l0. Frukt- cg bærdyrking
Epleblomst og eple. Epleblomsten er laga av emalje og gull, epla av emalje. Begge ligg på skjell.

Skreve av Arnt Darrud, Gvarv 25.september 2001