Vil du bli vår digitaliseringsrådgjevar?

Digitalisering er eit satsingsområde i Midt-Telemarkregionen for kommunane Midt-Telemark og Nome. Samarbeidskommunane har i dag felles IKT-drift gjennom Midt-Telemark IKT med kontorstad i Bø. Vi jobber kontinuerlig med tenesteinnovasjon og ser at digitalisering er eit sentralt verktøy i dette arbeidet. 

Klikk for stort bilde 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 Digitaliseringsrådgjevar - 2 årig prosjektstilling - 100 %

 

Arbeidsoppgåver

" Vere digital begeistringsagent
" Planlegge og drive fram ein plan for digitaliseringsarbeidet
" Forankre arbeidet og skape forståing for endringar i Midt-Telemark regionen
" Støtte og hjelpe fagområda med innovasjons- og prosesskompetanse
" Planlegge, leie og organisere ulike digitaliseringsprosjekt
" Delta i  fagnettverk knytt til digitalisering, halde seg fagleg oppdatert og sjå det moglege innan nasjonale satsingsområde

Krav til utdanning og ønskja kvalifikasjonar

" Relevant utdanning på bachelor eller master nivå
" God prosessforståing for å sikre samsvar mellom kommunen sitt behov og teknologi
" God forståing av  generelle teknologiske trendar og kommunal sektor spesielt
" Erfaring med å navigere politisk og på tvers i offentleg sektor for å få gjennomslag for planar
" Kan vise til konkrete resultat innan innovasjon, tenesteutvikling og gevinstrealisering
" God norsk skriftleg og munnleg framstillingsevne.
" God oppdragsforståing vil bli vektlagt

Personlege eigenskapar

" Du har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
" Du er omgjengeleg og har vilje til å lære
" Du er framtidsretta, kreativ og engasjert
" Du er løysingsorientert, har sterk gjennomføringsevne, og skapar entusiasme
" Du er ein relasjonsbyggjar

Ein vil legge vekt på personlege eigenskapar

Offentleggjering

Iflg. Offentlighetslova § 25 pliktar arbeidsgjevar å gjere søkjar oppmerksam på at opplysningar om søkjarane kan bli offentleggjort sjølv om søkjaren har bedt om å bli unntatt offentlegheita. Bø kommune vil varsle søkjara som har bedt om unnatakelse frå offentlegheit hvis dette ønskjet ikkje kan imøtekomast.

Anna

Aktuelle søkjarar vil bli innkalla til intervju. Kopi av vitnemål og attestar leverast i forbindelse med intervjuet

Særskilte krav

E-læringskurset for nytilsette skal gjennomførast før oppstart i stilling.

Vi tilbyr

" Ein spennande og utfordrande jobb i ein region i strek utvikling
" Gode forsikrings- og pensjonsordningar
" Fleksibel arbeidstid
" Løn etter avtale
" Kontorstad i Bø

Søknad sendast

Søknad må sendast elektronisk via valget "søk på stilling". Vi anbefalar å skrive søknadsteksten i eit teksbehandlingssystem før du startar søkjeprosessen. Da kan du kopiere/lime inn teksten i søknaden. Når du startar å registrere søknaden, må du gjere den ferdig. Det er ikkje mogleg å mellomlagre søknaden. Hvis du har huka av for at du vil ha dokumenter og anna kommunikasjon tilsendt elektronisk, vil du få ein epost med kvittering om at søknaden er mottatt.

Søknadsfrist    11.11.2019                              Utlyst dato       23.10.2019                        Vårref                                      611

Søk på stillinga her: SØK

Kontaktperson

Hanne Winberg, Kommunalsjef i Bø kommune for stab, støtte og kultur, mobil: 99510046

Utlysinga finn du og her:

Finn.no Digitaliseringsrådgjevar Midt-Telemark kommune