IRMAT- framtidig ny henteordning for hushaldningsavfall under planlegging

Ny renovasjonsløysing som tek høgde for at IRMAT sine eigarkommunar skal klare å tilpasse seg dei nasjonale måla som er beskrive i St. 45 (2016-2017) og EU sitt rammedirektiv for avfall er under planlegging.

Klikk for stort bilde

 

 

 

 

 

 

 

Fakta om krava:

55 % av hushaldningsavfall og liknande næringsavfall skal materialgjenvinnast i 2025, 60 % i 2030 og 65 % i 2035.


IRMAT har i dag ein materialgjenvinningsgrad på 41 %.

 

Ny og lik henteordning for alle IRMAT-kommunane er planlagt frå 1.7.2020.

Ny henteordning - hentefrekvens:

Glas-/metallemballasje vil i ny ordning inngå som hentefraksjon. Volumet på behaldarane vil bli auka frå 120 liter i dag til 140 liter.  

Som tidlegare blir det lagt opp til at abonnentene kan velgja annan storleik på behaldarane dersom fleire husstander går saman om å bruke felles behaldarar, f.eks. i burettslag.

 

Hentefrekvens i planlagt ny ordning
Hentefrekvens i planlagt ny ordning
Avfallstype Oppsamlingseining Standard volum oppsamlingseining Tømmefrekvens
Restavfall Behaldar 140 liter 3. veke
Matavfall Behaldar 140 liter 2. veke
Papp, papir og kartong Behaldar 140 liter 3. veke
Glas-/metallemballasje Behaldar 140 liter 6. veke
Plastemballasje Sekk 120 liter 3. veke
Farleg avfall Raud boks 30 liter 2 g/år