Samfunnsdel av kommuneplanen for Midt-Telemark kommune 2019-2031 vedtatt

Klikk for stort bilde

 

 

 

 

 

 

Kommunestyra i Sauherad og Bø har vedtatt samfunnsdel av kommuneplanen for Midt-Telemark kommune 2019-2031 (PDF, 5 MB). Samfunnsdelen er kommunane sitt overordna styringsdokument. I planen er det sett mål for utviklinga i Midt-Telemark kommune som lokalsamfunn og organisasjon innanfor fire satsingsområde som bygger på visjonen “Vi skaper framtida saman”. Til måla er det knytt strategiar for korleis ein skal jobbe for å nå desse og arealstrategiar for å sikre at utbyggingsmønster og arealbruk bygger opp under dei same måla. Mål og strategiar i samfunnsdelen skal konkretiserast i sektorvise planar og i ein handlingsdel som skal rullerast årleg.

Sauherad og Bø kommunar takkar for alle innspel, deltaking i referansegrupper og godt oppmøte på opne møte i planprosessen. 

Planomtala  (PDF, 938 kB)viser planprosessen og oppsummerer kunnskapsgrunnlaget. Alle skriftlege innspel er oppsummert og kommentert i saka som vart lagt fram for kommunestyra i Bø (sak 12/19 (PDF, 992 kB)) og Sauherad (sak 8/19 (PDF, 929 kB)). Innspel frå opne møte, ungdomsråd og torgdag er samla i eige notat (PDF, 3 MB).

Planen er utarbeidd som ein interkommunal kommuneplan for dagens to kommunar, og kommunestyra sine vedtak er fatta med heimel i plan- og bygningslova §§9-3 og 11-15. Kommunestyret i Bø vedtok planen 11.2.19 , og kommunestyret i Sauherad vedtok planen 28.2.19. Vedtaket kan ikkje påklagast, jf. plan- og bygningslova §11-15

Fant du det du lette etter?