Frivilligsentralen i Sauherad

Frivilligsentralen i Sauherad drives fra Kjernehuset på Gvarv (Gvarvgata 51). Den ble etabler høsten 2018 med daglig leder tilsatt fra august 2019. Aktivitetstilbudet retter seg spesielt mot barn og unge, men det utvides stadig med aktiviteter for ulike målgrupper.  

Aktiviteter

 

For å få oppdatert informasjon om åpningstider og aktiviteter følg facebooksiden:

Frivilligsentralen i Sauherad

 

Historikk

I februar 2018 fekk Sigrid Haukvik spørsmål frå Sauherad kommune om ho kunne dra i gang ein frivilligsentral. Ho sa ja, og blei styreleiar i eit styre som førebudde sentralen vår 2018. Styret kontakta andre sentralar, og fann ut kva arbeidsområde dei ønska Sauherad frivilligsentral skulle prioritere. Arbeid på sentralen skulle først og fremst vere retta mot barn og unge. Det skulle også fokuserast på inkludering og integrering av menneske med innvandrarbakgrunn.

Når det gjaldt tilbod til eldre var allereie Velferden på Kjernehuset, og kontakten med aktivitetsleiar på Furuheim, som er styremedlem, var viktig med tanke på fleire tilbod.

Haust 2018 bestemte styret seg for å danne ei foreining og ikkje gå i kompaniskap med Bø frivilligsentral og Røde Kors. Dei meinte det var viktig med lokal tilknyting ved oppstart i Sauherad, for å få lag, foreiningar og enkeltpersonar med på laget. Det er nå fem kvinner som står som eigarar av sentralen, og på årsmøtet 2019 fekk Sauherad frivilligsentral fleire organisasjonar og enkeltpersonar som medlemar.

Det har vore viktig å få eit godt samarbeid med kommunen. Frivilligsentralen fekk eit oppstartstilskot i 2018, og frå 2019 også eit statleg tilskot. Utanom dette må styret heile tida søke midlar hjå diverse instansar. Sentralen har fått tilskot frå Buf-dir og Sparebankstiftelsen, pluss lokale enkeltgåver.

Vår 2019 jobba styret med å iverksette aktivitetar som redesignkurs og sykkelmekkekurs, ungdomskveldar og påskeverkstad. Dei arrangerte «Vinter i Sauherad» og «Sommar i Sauherad.» Det var konsertar og kurs, og opent i forbindelse med Sauheraddagane.

Ein sentral kan ikkje drivast på frivillig basis. Derfor var det viktig å få på plass ein dagleg leiar. Styret valde å tilsette i 100% stilling, og Kristin Tangen Tolo er i full gang.

Haust 2019 er «Etter skuletid» og «Ungdomsklubb» faste aktivitetar for barn og ungdom. «Språkkafé» skal vere eit treffpunkt for menneske med innvandrarbakgrunn og «Barseltreff» for foreldre som er heime i permisjon.

Sauherad Frivilligsentral har open kafé måndag og torsdag 10-17, tysdag og onsdag 10-15. Velkommen innom!

Fant du det du lette etter?