Namn og symbol for ny kommune

 

 Den politiske arbeidsgruppa for kommunenamn og kommunevåpen ga si tilråding til fellesnemnda 16. juni 2017. Tilråding ble gitt etter omfattande arbeid med involvering av innbyggjarane.

I fellesnemnda røysta to for at Bø blir det nye namnet, medan namnet Midt-Telemark fekk 8 røystar.Fellesnemnda si tilråding om at tre gullfarga, like store feler på blå bakgrunn blir symbol for den nye kommunen vart samrøystes.

Fellesnemnda kom med si tilråding til kommunestyra og felles kommunestyremøte 21. august 2017.Etter desse møta vart det klart at kommunestyra vil at Midt-Telemark skal vere namn på den nye kommunen med tre gullfarga, like store feler på blå bakgrunn som symbol for den nye kommunen.

Saka er no sendt vidare til departementet som utarbeider forskrift om samanslåinga som mellom anna vil innehalde stadfesting av namn.