Målform i den nye kommunen

 I møte 16. juni 2017 bestemte fellesnemnda at det skulle etablerast ei arbeidsgruppe for å sjå på målform i ny kommune.

Arbeidsgruppa består av Aslaug Norendal  og Borgar Kåsa. Per Dehli er sekretær for gruppa.
Arbeidsgruppa vil kome med ein innstilling til fellesnemnda.

Intensjonsavtala (PDF, 392 kB) gi fylgjande føringar for arbeidsgruppa:

  • Kommunen vil ta omsyn til at innbyggjarane har ei levande dialektbruk og både har bokmål og nynorsk som hovudmål.
  • Den nye kommunen skal legge til rette for aktiv bruk av begge målformene. Kommunen skal utarbeide ein målbruksplan som konkretiserer korleis ein kan forvalte begge målformene.

 

Arbeidsgruppa hadde sitt fyrste møte 28. august 2017.