Bok om Fruktbygda

Omslag Fruktbygda bok Fruktbygda vann Den nasjonale kulturlandskapsprisen i 2015, og prisen besto mellom anna av ein sjekk på kr 50 000,-. Dei har no investera desse pengane i ei flott biletbok om historien og notida for dei 14 bedriftene i samverkeføretaket Fruktbygda. (Bakerst i boka finn ein òg nokre fantastiske oppskrifter!)

Fruktbygda presenterar seg godt i denne flotte boka! Gratulerar!

 

 

 

Om Fruktbygda SA
Fruktbygda samverkeføretak vart danna 8. desember 2014 som eit resultat av eit treårig næringsprosjekt med fokus på landbruk, opplevingar; næringsaktivitetar, kunst og kultur.  Nettverket har i dag 14(15) medlemsbedrifter, og er/er i ferd med å etablere seg som eit kjent konsept både lokalt og nasjonalt, og som eit fyrtårn for reiselivet i Telemark. 

Tilbydarane i Fruktbygda er;

Aarnes Kafeteria
Epleblomsten
Evju Bygdetun
Fruktgarden Nyhus
Galleri Nyhuus og Nyhuus Gard
Gvarv Frukt og Bær
Lerkekåsa Vingård og Galleri
Lindheim Frukt og Lindeim Ølkompani
Norsjø Hotell
Norsk Eplefest
Suigard Dyrud
Taxibussen
Telefrukt
Telemarkskanalen med M/S Telemarken
Villa Lunde

Mål
Eit av Fruktbygda sitt mål er å utvikle spennande reiselivs- og opplevingsproduktar for å auke tilstrauminga av besøkande - og for å dei lokale til å bruke bygda meir. Og fruktturismen blomstrar -  i 2016 hadde Sauherad ei auke av tilreisande på heile 20 prosent ifht. året før!

Ei gjestfri Fruktbygd;
Besøk verdas nordlegaste vingard, smak på Noregs beste eplemost, besøk ølbryggeriet, nyt dufta frå gardsbakeria, opplev spennande kunst, besøk dei koslege gardsbutikkane og kjøp (eller plukk sjølv) frukt, bær, honning m.m - nokon har også eige antikvariat!,opplev den fantastiske fruktblomstringa og pilgrimsvandring i mai og opplev Norsk Eplefest med vandringar, utstillingar, blomsterdekorasjonar, konsertar, gudstjeneste, jubileer, gardsbutikkar og mykje anna som lokalsamfunnet har å by på for store og små! Dette er "bare" noko av det som Fruktbygda kan tilby gjennom året!

Vunne mange prisar
Tilbyderane i nettverket har vunne mange prisar - Norsk kulturlandskapspris, Noregs beste eplemost(flerie gonger), Noregs beste øl, Noregs andre beste skinke( av eplegris) og Innovasjon Norges Bygdeutviklingspris for Telemark er nokre av prisane dei kan vise til. 

Les meir om Fruktbygda i den nye flotte boka, på nettsida eller på Facebook