2. og 3. plass til Lindheim Ølkompani i kåringa av Norges beste eplemost og sider 2017!!

Ingeborg Lindheim Ølkompani - Klikk for stort bilde Ingeborg og Eivin i Lindheim Ølkompani nådde høgt opp i kåringa av Norges beste eplemost og sider 2017! Dei fekk 86 poeng og 2. plass i blandingskategorien med "Discovery/Dolgo! I tillegg fekk dei 3. plass(87,3 poeng) i kategorien sider!

Me gratulerar så mykje med dei gode resultata!

 

 

Det vart til slutt 76 produkt frå 18 produsentar som var med å konkurrera om Norges beste eplemost og sider 2017! Den generelle oppsummeringa til smakspanelet/juryen er at det er utruleg mange spennande produkt på markedet!

Juryen bestod av:

Espen Blåfjelldal (hoveddommar), dagleg leiar Valdres Mathus/nestleiar i HANEN
Martinius Fjeldstad, F&B District Manager, West Norway, Scandic
Marit Strand, Matmerk (ansvarleg for merkeordninga Spesialitet)
Tor Erling Gransæter, produsent, Eplegården
Petter Wahl Sekne, kjøkkensjef, Furusetgruppen
Hege Arntzen, sommelier/rektor ved Norsk Restaurantskole

I tillegg var det med to elevar frå Norsk Restaurantskole, Oscar Holst og Daniel Skillingshaug

Resultatlista med poeng;

Ren most:

1. Safteriets sur høst (Bramley). 92 poeng

2. Gravenstein. Ulvik Frukt & Cideri. 91 poeng

3. Spildemost Elstar. Spildegarden. 90 poeng

Blanding:

1. Soli. Merem AS. 88 poeng

2. Discovery/Dolgo. Lindheim Ølkompani. 86 poeng

3. Safteriets Renaa Økologisk og Idunn/Franskar, Ulvik Frukt & Cideri. Begge 85 poeng

Fantasi:

1. Spilde Solbær. Spildegarden. 92 poeng

2. Aroma/Svarthyll. Ulvik Frukt & Cideri. 91 poeng

3. Eple & Bringebær - Hardangergutane. Hardanger Eple. 90 poeng

Sider:

1. Musserende Rose. Egge Gård. 88 poeng

2. Hardanger Dronningsider. Hardanger Saft og Siderfabrikk. 87,6 poeng

3. Cider Spontan. Lindheim Ølkompani. 87, 3 poeng

Juryens spesialpris: Iseple. Egge Gård. 94 poeng

Les meir om konkurransen Norges beste eplemost og sider på heimesidene til HANEN og Norsk Eplefest