Ledige stillinger

Klikk for stort bilde Bø og Sauherad kommunar søkjer Prosjektleiar og Psykolog til Ung Arena Midt-Telemark. Ung Arena er eit prosjekt i regi av satsinga "Program for folkehelsearbeid i kommunene". Prosjektperioden varer ut 2022.

Prosjektet inneber å etablere ein kombinert sosial møteplass og lågterskel hjelpeteneste for ungdom i Bø og Sauherad.

Målet er å styrke psykisk helse og livskvalitet blant barn og unge. Prosjektet er eit samskapingsprosjekt som skal utviklast av ungdom, frivillige og fagfolk saman. Er du ein person som likar å jobbe med ungdom, i tverrfaglege team og utvikle noko nytt, er dette stillinga for deg.

Sjå her for meir informasjon

Sjå her for stillingsannonsa