Varsel om oppstart av planprosess og høyring av planprogram

Felles samfunnsdel av kommuneplanen for Midt-Telemark kommune 2019 - 2031

 

Publisert av Anneli Stenman. Sist endret 26.01.2018

Sauherad og Bø kommunar skal slå seg saman til Midt-Telemark kommune frå og med 1.1.2020.
Kommunane varslar med dette at ein startar arbeidet med å utarbeide ein felles samfunnsdel av kommuneplanen, jf. plan- og bygningslova §9-1.

Samfunnsdelen skal vere det overordna styrings-dokumentet for ny kommune og skal danne eit heilskapleg og solid fundament for ein langsiktig og berekraftig samfunnsutvikling i Midt-Telemark kommune. Planprosessen og planen vert viktige verkty i arbeidet med å etablere ein ny kommune. Det er utarbeidd eit forslag til planprogram for planprosessen der formål, organisering, plantema, utgreiingsbehov og opplegg for medverknad er skissert. Fellesnemnd for ny kommune vedtok i møte 19.1.18 (sak 04/18) å legge planprogrammet ut til offentleg ettersyn saman med varsel om oppstart av planarbeidet, jf. plan- og bygningslova §§11-12 og 13.

Planprogrammet er lagt ut til offentleg ettersyn på kommunehusa i Sauherad og Bø og på biblioteka.

Kommunane ønskjer innspel til sjølve planarbeidet og merknader til planprogrammet, der opplegg for planprosessen er skissert. Alle innspel merkast «Felles samfunnsdel av kommuneplanen, sak 17/2804»
og sendast postmottak@bo.kommune.no eller Bø kommune, Pb. 83, 3833 Bø innan 7.3.18.

 

Se planprogram (PDF, 2 MB)

 

Fant du det du lette etter?