Landbruks- og matminister Trygve Slagsvold Vedum inviterer til quiz i sommar. Kvar veke fram til 6. august kan du teste ut kva du kan om landbruk og mat.
Du finn spørsmåla i lenka under. Du kan også finne svara der eller på nettsidene til verksemdene som er knytte til Landbruks- og matdepartementet – Mattilsynet, Statens landbruksforvaltning, Reindriftsforvaltninga, Bioforsk, Norsk institutt for skog og landskap, Norsk institutt for landbruksøkonomisk forsking eller Veterinærinstituttet.
Kvar veke blir det trekt ein vinnar som får eit flott kokkeforkle å ta på seg når han eller ho skal lage sine spesialitetar frå førsteklasses norske råvarer.